Det gule huset - Dikt og akvareller

Barndommen min bur i det gule huset. Fargen blir meir tydeleg med åra. Ein bolk av livet kjem attende. Ikke brått, men trenger seg sakte på, vil opp og fram, bli synleg.

Om boka

Barndommen har vore der heime på Vestlandet, men no flyttar den seg hit der eg har hatt mitt vaksne liv, og framleis er. Far var den siste som i 2013, ”flytta” ut av huset. Deretter kom trongen til å skrive om og frå barneåra. Kanskje ein trong for å oppnå innsikt i mi eiga forteljing om livet, gjere synleg minner, takksemd, livsmønster og åndelege endringar, og eit behov for å dele dei i form av dikt, med og utan rim, på bokmål og nynorsk.

Ta imot glimt frå 50-60 talet, livet før og livet no. Gled deg saman med meg over naturen i ord og fargar. Der finn eg livsglede og kjenner meg fullkomen, slik eg gjorde som barn då eg leika ute.

Ta del i det å vera menneskje. Mitt hovudmål i skulen var nynorsk, men eg har budd og jobba i ein kommune med bokmål, som dermed vart mitt skriftspråk. Dikta som er skrivne etter at far gjekk bort, kom ofte til meg i nynorsk språkdrakt, difor begge målføre.

Aud Rye, akvarellmålar og forfattar, har inspirert meg i kurs, bøker og videoar. Nokre av bileta har eg måla på kurs, og ho har gjeve meg løyve til å bruke nokre av disse som illustrasjonar. Eg takkar livet og dei som er, og har vore i fylgje med meg. 

 

Ønsker du å kjøpe boka?

Pris: 239 kroner + ev. porto

Ta gjerne kontakt eller kom innom galleriet om du ønsker å kjøpe boka.

Boka betales på Vipps ved å søke Vidsyn Galleri Grete Kvingedal.